Søk støtte til bleier til barn.
Renovest IKS har innført ei ordning med eingongsstøtte på kr 2 500,- per barn til innkjøp av tøybleier.
Ein må søkje om tilskot før barnet fyller 2 år, og det må leverast éin søknad per barn. Det må også leggast fram kvittering for kjøp av bleier. Dersom det er kjøpt brukte tøybleier, må det ligge føre kvittering som dokumenterer kjøpesummen, signert av både kjøpar og seljar. Sjå Renovest IKS si heimeside www.renovest.no og søknadsskjema her: Søknad tøybleier
Kvifor tøybleier?
Kvart einaste år blir det på landsbasis kasta over 60 000 tonn med eingongsbleier. Dette er ikkje resirkulerbart avfall. Avfallet er tungt å bryte ned, og i følgje bransjen så veks talet på bleier for kvart einaste år. Eit barn vil i dei første seks månadane bruke ca 1 000 bleier, og i heile bleieperioden ca 6 000 bleier. Det blir inntil 1 tonn med søppel ved bruk av eingongsbleier. Det er estimert at ei eingongsbleie brukar 500 år på å bli broten ned og er vanskeleg å bruke til søppelforbrenning. Det er difor ei stor avfallsutfordring.
Det er ikkje uvanleg at norske kommunar både i eigen regi og gjennom renovasjonsselskapa sine yter eingongsstøtte per barn for å redusere bruken av papirbleier til fordel for tøybleier. Ei oppteljing synte i 2014 at 111 kommunar hadde ei slik ordning. Støttebeløpa varierer frå 500 til 2 500 kr per barn.
I dei fleste saker er det positive og mindre positive sider. Ved bruk av tøybleier vil det særleg vere auka bruk av vatn og straum til reingjering som dreg ned miljøgevinsten. Sjølvsagt vil produksjonen både av tøybleier og eingongsbleier ha ein kostnad og ei miljøutfordring slik det er med mange forbruksting. Auka bruk av tøybleier gjev i alle fall mindre avfall og sparte pengar for husstanden, men det gjev også meir arbeid med å vaske og tørke; då ofte med bruk av tørketrommel. Tøybleier blir også sagt å kunne forhindre bleieutslett og allergiske reaksjonar ettersom dei nye tøybleiene ikkje inneheld kjemikaliar. Prinsippa for framstilling og bruk av eingongsbleier og tekstilbleier er ulike, og det har difor vist seg nærast umogleg å setje opp eit haldbart miljørekneskap. Reknestykket inneheld for mange uklåre faktorar, men har betydning for utfallet, f.eks. korleis tøybleiene vert vaska.
Ein reduksjon av avfallsmengda og reduksjon av utgifter til avfallshandtering, er nøkkelord og viktig i denne saka. Dette er grunnen til at saka også er relevant for Renovest IKS slik ho ser ut til å ha vore for mange andre renovasjonsselskap som har innført ei slik støtteordning. Det er i alle si interesse å redusere avfallet vårt og heller satse på gjenbruk. Eingongsbleier blir brende saman med restavfallet og er, i følgje opplysningar, dårleg eigna for energigjenvinning sidan det går med mykje energi til å fordampe væska som er i bleiene.
Ein barnefamilie kan spare inntil kr 8 000,- gjennom bleieperioden ved bruk av tøybleier i staden for kjøp av eingongsbleier. Slik sett er det i utgangspunktet lønsamt å velje det miljøvenlege alternativet. Det kan likevel forsvarast å gje eit slikt tilskot til barnefamiliar for å stimulere dei til å gjere eit godt miljø- og verdival. Isolert sett representerer begge bleietypene eit visst miljøtrykk, og den totale belastninga er relativt lik.
I 2008 vart det publisert ein LCA-rapport (Life Cycle Assessment = LCA, «livsløpsstudie») i Storbritannia. Der samanlikna dei tøy- og eingongsbleier sin innverknad på miljøet. Funna viste at det verken var ein vinnar eller ein tapar når det gjeld miljøomsynet. Begge deler fører til utslepp og brukar ei blanding av energi, vatn og råmaterialar. Studiet konkluderte med at tøybleier brukar meir vatn og produserer meir vassborne utslepp enn eingongsbleier, som på si side genererer meir avfall og forbrukar meir råmaterialar. Konklusjonen i rapporten er at bruk av tøybleier gir omtrent 40% lågare klimagassutslepp enn bruk av eingongsbleier.
Tøybleiene kjem klart best ut frå samanlikninga dersom ein:
- Vaskar med full maskin på 60°C (med svanemerka vaskemiddel og utan skyllemiddel. 60°C er meir enn nok for å sikre hygienen då bakteriar dør ved lågare temperatur enn dette)
- Brukar tørkesnor i staden for tørketrommel
- Brukar tøybleiene på to eller fleire barn (ved å arve eller selge vidare, evt. kjøpe brukte)
Dersom du vel økologiske tøybleier, er miljøtrykket enno mindre.
Organisasjonen Fremtiden i våre hender viser til ein studie der hovudkonklusjonen er at skilnaden i miljøtrykket mellom eingongsbleier og tøybleier ikkje er så stor når ein tek omsyn til det meste. Men tøybleietilhengarane kan, i motsetnad til dei som føretrekkjer eingongsbleier, redusere miljøtrykket med smarte miljøvanar:
- Tørk bleiene utandørs når du kan.
- Bruk tørketrommelen så sjeldan som mogleg.
- Vel mest mogleg energieffektiv vaskemaskin og tørketrommel når du kjøper nytt.
- Vask på 60 grader. Kokvask berre unntaksvis, for eksempel ved sjukdom.
- Fyll opp vaskemaskinen heilt.
- Vel gjerne brukte tøybleier, og bruk oppatt bleiene på fleire barn.
Dersom ein tek omsyn til at dei som brukar tøybleier gjerne er miljøbevisste i utgangspunktet, er det mykje som tyder på at tøybleier i praksis er eit betre miljøval enn eingongsbleier. Tøybleiene held til fire-fem barn før bleiene er utslitne.
Dei kommunane og avfallsselskapa som har innført eit eingongstilskot til barnefamiliar som brukar tøybleier, gjer dette for å redusere avfallet. Iflg helsesyster i Seljord kjenner ho til svært få familiar i Seljord som i dag brukar tøybleier til sine ungar. Difor kan eit eingongstilskot vere med å stimulere til å gå over til tøybleier og dermed redusere avfallet.