Fortsatt tilbod i barnehagar og skular til barn av foreldre med samfunnskritiske funksjonar                 

Skular og barnehagar er stengde for ordinær verksemd. Formålet med stenginga er å redusere smittespreiing. Det inneber at færrast mogleg barn og tilsette er i barnehage og skule. Føresette blir difor oppmoda så langt det er mogleg å halde barna sine heime. Terskelen for å få tilbod ligg høgt av omsyn til smittevern. Derfor bør dette tilbodet blir avgrensa så mykje som mogleg. 

Barn som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.                             

Skule- og barnehageeigarar har ansvar for å sørga for eit tilbod til barn som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.
Det er to moglegheiter for å få tilbod:                             

1. Personell i kritisk samfunnsfunksjon                                                                                                                                    

2. Personell med andre verksemdskritiske oppgåver (t.d. reparere teknisk utstyr på sjukehus).  

For både punkt 1 og punkt 2 gjeld det at: 

  • Barnet skal vera under 12 år
  • Barn som bur med to føresette må ha begge føresette i kritiske samfunnsfunksjonar og/eller andre verksemdskritiske oppgåver
  • Det ikkje finst andre moglegheiter for barnepass
  • Arbeidsgivar må på førespurnad kunne stadfeste at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppgåve 

Oversikt over definerte samfunnskritiske funksjonar, per 19.03.20; sjå Regjeringen.no

Barn og unge med særskilte omsorgsbehov.                                                                                     

Helsedirektoratets retningslinjer for stenging av skule og barnehage gir unntak for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Det vil bli gjort konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få dette tilbodet. Moment i denne vurderinga kan vera om dei til dømes har store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av hjelpetiltak og anna.
Dette handlar òg om barn og unge som barnevernet gir hjelpetiltak til, er i fosterheim eller dei som kommunen av andre årsaker meiner har eit særskilt behov 

Enkelte elevar har enkeltvedtak om mellom anna spesialundervisning eller særskild språkopplæring. I perioden skulane er stengde, vil det ikkje vera mogleg for skuleeigarane å gi ei opplæring som er i samsvar med desse vedtaka. Det same gjeld for barn som har enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova. 

Føresette må søke på eige søknadsskjema, dette skal sendast eigen skule eller barnehage.
Kryss av for kva kategori du ynskjer at søknaden skal bli behandla etter og skriv ein grunngjeving. For kategori 1 /2 (samfunnskritiske funksjonar) må begge føresette føre opp namn på arbeidsgjevar/stilling og kva for funksjon eller oppgåver ein har.  

Søknadar blir fortløpande behandla etter dei til ein kvar tid gjeldande reglar og føringar. Rådmannen avgjer etter innstilling frå kommunalsjef. Det er ikkje klagemogligheit på vedtaket.  

Kriterium kan bli endra.

 

Seljord, 20.3.2020
Even Fossum Svendsen
kommunalsjef