Det er no noko smitte i kommunen. Beredskapsleiinga i kommunen har bestemt at kvar elev må testast før dei kjem på skulen tysdag 4. januar. Det beste er om de testar om morgonen før skulestart 4. januar. Om det ikkje går testar du borna på kvelden 3. januar.
For Seljord barne- og ungdomsskule:
Du kan hente hurtigtestar innanfor hovudinngangen på ungdomsskulen måndag 3. januar frå kl. 08.00 og fram til 14.00. Dette gjeld både for elevar ved barne- og ungdomsskulen.
For Flatdal oppvekstsenter, skule:
Du kan hente hurtigtestar på skulen i Flatdal måndag 3. januar frå kl. 08.30 og fram til 15.00. Testane ligg rett innanfor døra oppe. (Elevane i Åmotsdal får køyrd heim testar)

Det er få hurtigtestar å oppdrive du må difor ta med berre det antalet du treng til dine born. 

Meld frå til kontaktlærar på Visma når testen er utført.