Har du gode tiltak i Hjartdal eller Svartdal som fell inn under retningslinjene for UKL?  Her kan du sjå retningslinjene.

Søknadsfrist er 1. mai! I år må alle som skal søkje, logge seg inn via Altinn med bankbrikke eller bankID på mobil.

I Altinn trykkjer de på «Alle skjema», deretter «Etatar» der de finn Landbruksdirektoratet, og på det nest nederste skjemaet finn de «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket».

Når de kjem så langt, så gå til «Start teneste». Her brukar du bankbrikka eller bankID på mobil.

NB! Før du fyller ut den elektroniske søknaden er det lurt å ha ein del opplysningar og dokument tilgjengleg. Hugs å legge inn kontonummer på eigen stad. 

Dersom du har spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt oss. Vi er å treffe på telefon og e-post i desse koronatider. Og svarer vi ikkje på telefonen med ein gong, så ringjer vi deg opp att.

Vårleg helsing frå Maria Fremmerlid, Hjartdal kommune, e-post: maria.fremmerlid@hjartdal.kommune.no, mob.tlf. 40 80 41 30 og Torunn Raftevold Rue, Seljord kommune, e-post: torunn.rue@seljord.kommune.no, mob.tlf. 95 90 84 40