Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Straumsparing på gateljos

Publisert , Oppdatert 18. oktober 2022
Gateljos. Ill. Colourbox

Gateljos. Ill. Colourbox

Frå i kveld, tysdag 18.10.22, vil Seljord kommune teste ut straumsparing  på gateljosa langs Nordbygdivegen. Ljosa blir slått av kl 01.00 og på att kl 06.00. 
Vi skal teste dette ut over ein periode framover for å måle effekten av tiltaket ved sparte utgifter til straum. Dersom det viser seg at det er noko å hente på tiltaket, vil ein vurdere om det kan vere aktuelt og for andre strekningar.