Barne-og familieminister Kjersti Toppe besøkte onsdag 9. august Seljord kommune. Første stopp var på Århusmoen kor Sommarskulen leika seg med radiostyrte bilar og børning. Kjersti Toppe tok utfordringa og blei med på ein heftig børningrunde med William Bjåland Moen.
 
LOS Tommy Sandsdalen fortalde om sommarskulen sitt allsidige tilbod kor over 300 barn har vore innom så langt i sommar, og enno er det eit par veker med moro igjen før skulestart.
Neste stopp var i Heddeli barnehage. Ministeren fekk orientering frå oppvekst og helse i temaet «laget kring barnet».
 
Tusen takk for besøket av ein sporty minister!