For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå i manntalet. 

Du kan undersøke om du står i manntalet i kommunen der du bur når det blir lagt ut til ettersyn på dei stadene som er oppgitt her.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og foreregisteret ikkje har fått melding om flytting innan 30. juni, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå. Då kan du anten førehandsrøyste eller du kan røyste på valdagen i kommunen der du står i manntalet.

Dersom du får valkort står du i manntalet. På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført, kva krets du høyrer til og kva opningtider kretsen har. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august bør du ta kontakt med kommunen for å sjekke at du står i manntalet.

Hugs å laste ned valkortet på telefonen, og ta det gjerne med deg når du skal røyste.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller du meiner at det er andre feil i listene, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og grunngitt. Send klaget til valstyret i kommunen. Rett adresse finn du lenger ned i annonsen.

Sametingets valmanntal ligg også ute til ettersyn på same stad og i same tidsrom. Klage på valmanntalet til Sametinget skal sendast til Sametinget. 

I Seljord kommune er manntalet lagt ut til ettersyn på følgjande stader:
Seljord kommune (Kommunehuset), Brøløsvegen 13 a, 3840 Seljord
Seljord bibliotek (Granvin kulturhus), Nyveg 16, 3840 Seljord.

Opningstider Seljord bibliotek: frå 19. juni til 20. august - torsdagar kl. 12.00 -19.00