Innanfor tenesteområdet samfunnsutvikling og drift i Seljord kommune har me to ledige sommarjobbar for studentar/ungdom over 18 år.
Arbeidet består av vedlikehald av grøntareal, vedlikehald av kommunale bygg og elles ulikt arbeid som vi treng hjelp til i sommarmånadene. Sommarjobbane vil vere mest aktuelle i vekene 26-31 (24.06.- 2.08.)
Det er eit krav om at du har førarkort kl B. Det er også ynskjeleg at du har erfaring med å bruke plenklippeutstyr av ulik art.

For meir informasjon om jobbane kan du ta kontakt med avdelingsleiar, Vidar Person,
Tlf: 35065151 eller e-post: vidar.person@seljord.kommune.no eller 
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkjaren må registrere opplysningar i søknadsskjemaet på www.seljord.kommune.no

Søknadsfrist: 19.mai 2024.
Søk stillinga her