Korleis søke på kommunal bustad og kva skjer når du har fått tilbod om kommunal bustad?

Leige av kommunal bustad er eit tidsgrensa tilbod og leigeavtalas varigheit vil vere inntil 3 år. 

Kommunen skal hjelpe personar som ikkje sjølveller ved hjelp av andre former for offentleg  bistand, greier å skaffe seg eigna bustad.

Om du blir tildela ein kommunal bustad, vil ofte bustadens storleik avhenge av husstandens storleik.

 

Slik søker du

Søknadsskjema finn her.

Obligatoriske vedlegg

  • Siste års skattemelding
  • Dokumentasjon på inntekt/trygd for dei siste 3 månadar

Du må ha vore folkeregistrera i Seljord kommune samanhengande dei siste 6 månader forut for søknaden.

 

Fullmakt

Dersom du ikkje er i stand til å signere søknaden, skal det ligge føre ei fullmakt eller vergefullmakt.

 

Målgruppe

Dersom du er utan fast bustad, sosialt vanskelegstilt eller har helsemessige utfordringar og ikkje har greidd å skaffe deg bustad på eiga hand, kan du søke om kommunal bustad. Du må oppfylle minst eit av kriteria.

Kriteria for kommunal bustad

Kriteria for søknadsbehandling og tildeling av bustad

  • Søkar må på søknadstidspunkt ha lovleg opphald i Noreg og vere folkeregistrert i Seljord kommune. 

 

  • Søkar må ha vore folkeregistrert som busett i Seljord kommune i minst 6 månader samanhengande forut for søknaden. 
  • Det vert gjort unntak når det gjeld busetting etter avtale med IMDi/staten.

 

  • Søkar må på tildelingstidspunkt vere fylt 18 år. 
  • Det kan gjerast unntak frå kravet, dersom søkar har dagleg omsorg for born eller det ligg føre andre særlege grunnar.

 

  • Søkar må kunne meistre bu situasjonen og plikter knytt til denne, eventuelt ved hjelp av oppfylging frå kommunen. 

 

  • Søkar må ikkje ha inntekt, formue eller andre føresetnadar som gjer søkar i stand til å sjølv skaffe seg eigna bustad. 

Inntektsgrenser ved nye søknader

  • For einslege 3G
  • For husstandar med to personar er rettleiande inntektsgrense samla 4G og med 5 % av 4G i påslag for kvar person utover to.

Kor mykje er 1G? https://www.nav.no/grunnbelopet

 

Dersom søkar har uoppgjort gjeld til Seljord kommune som fylgje av tidlegare butilhøve, kan det setjast vilkår om ei nedbetalingsavtale for gjelda, dersom leigetakaren sin økonomi tillèt dette.

 

Kva skjer når du har fått tilbod om kommunal bustad?

Når du har mottatt eit tilbodsbrev må du kontakte Seljord kommune for å gje tilbakemelding innan fristen om du godtek tilbodet eller ikkje.

Når bustaden er klar for innflytting vil du få avtalt tidspunkt for kontraktskriving. I samarbeid med saksbehandlar går de igjennom punkta i husleigekontrakta. 

Når du har skrive kontrakt får du utlevert nøklar. I tillegg må du sjølv sørge for å kontakte forsikringsselskap for å teikne innbuforsikring og melde flytting til folkeregisteret.

Det kan vere at bustaden framleis er bebudd når du får tilbodet, eller at den er under oppussing. Dersom bustaden er klargjort, kan du få låne nøkkel for å få sjå bustaden.

 

Ventetid

Fordi kommunen disponerar eit begrensa antall bustadar kan det ta tid før du får tilbod om bustad. Dersom du takker nei til tilbod om bustad kan du ikkje rekne med å få eit nytt tilbod. Ein får normalt berre eit tilbod. Kor stor bustad som tildelas avhenger av husstandens størrelse og bustadbehov.

 

Depositum / garanti

Det krevs 3 månader husleige i depositum eller garanti før signering av leigekontrakt.

Før kontrakt blir skrive må du betale inn eit depositum til ein sperra konto i Sparebanken Din. Ta med tilbodsbrevet når du går i banken. Dersom du har problem med å stille depositum, må du kontakte NAV som eventuelt kan hjelpe deg med ein depositums garanti. 

 

Feil eller manglar ved bustad

Du har rett til å flytte inn i ein reingjort bustad utan tekniske manglar. Dersom du finn feil eller manglar må du melde i frå til kommunen(samfunnsutvikling og drift) snarast og seinast innan 14 dagar etter innflytting.

 

Bytte av kommunal bustad

Dersom du bur i ein kommunal bustad, kan du søke om å få bytte til annan bustad. 

Det er streng praksis ved søknad om bytte.

Kriterie for bytte av bustad

  • Bustaden er ueigna grunna helsemessige orsakar
  • Det er forandringar i husstandens størrelse (større eller mindre)
  • Bustaden ikkje er eigna grunna andre tungtvegande sosiale forhold

Du brukar same søknadsskjema ved bytte av bustad som ved fyrste gongs søknad

 

Fornying av leigeavtale

Leige av kommunal bustad er eit tidsgrensa tilbod og leigekontrakta si varigheit vil som hovudregel vere inntil 3 år. 

Dersom du framleis fyller kriteria for å bu i kommunal bustad, kan du søke om fornying av leigekontrakt. 

Du brukar same søknadsskjema ved fornying av leigeavtale som ved fyrste gongs søknad