I grunnskulesektoren i Seljord er det to skular, Seljord barne- og ungdomsskule, og Flatdal oppvekstsenter med avdeling skule, og avdelingane Flatdal barnehage og Åmotsdal barnehage.
Kommunen tek opp lærlingar innanfor helsefag og barne-og ungdomsarbeidarfag.
I Seljord ligg ein vidaregåande skule; Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord.
Vi har og ein folkehøgskule i Seljord; Seljord folkehøgskule.