I løpet av natta har regnbogeflagget som hang ved Seljord barne- og ungdomsskule blitt kappa ned frå flaggstonga og tent på. Ordførar i Seljord, Beate Marie Dahl Eide, seier kommunen vart varsla om skadeverket i formiddag. Dahl Eide seier hendinga er meldt til politiet sin operasjonssentral og at kommunen kjem til å anmelde skadeverket. Nytt flagg vert hengt opp.

Ordføraren synes det er leitt at nokon vel å angripe regnbogeflagget, som er eit symbol på at alle skal få vere den dei er og elske den dei vil. Ho seier ingen bør føle seg trua av det:  - Seljord skal vere bygda for alle - uansett kven du er, kven du er glad i og kva du trur på. Regnbogeflagget symboliserar nettopp det. Å vere eit inkluderande samfunn handlar om å vere open og å ta omsyn til alle menneske, enten det handlar om legning og identitet, funksjonsnedsetting, nasjonalitet, religion eller anna.

Ordføraren oppfordrar alle til å delta i Seljord bygdepride som vert arrangert laurdag 17. juni: - Vi hadde ei kjempeflott parade for første gong i fjor. Seljord skal vere bygda for alle, og det håpar eg flest mogeleg møter opp og viser også i år!