Seljord kommune gratulerer Seljord kunstforening med prisen Årets kunstforening 2022! 

Seljord Kunstforening vart larudag 22. april tildelt utmerkinga Årets kunstforening 2022. 

Her kan du lese juryens grunngjeving

Årets Kunstforeining 2022 har gjennom meir enn 50 år sett bygda på kartet gjennom eit omfattande utstillingsprosjekt som har tiltrekt seg profesjonelle kunstnarar frå heile landet, og som har inspirert lokale kunstnarar i fleire tiår. Gjennom eit imponerande samarbeid mellom kunst- og kulturutøvarar, frivillige lag og organisasjonar har kunstforeininga formidla og auka interessa for samtidskunst og kunsthandverk.
Kunstforeininga oppsummerer formålet sitt slik;
«Me arbeider for å ta vare på og auke interessa for god kunst og godt kunsthandverk og vi freistar å fremje det beste i bygdekulturen gjennom utstillingar og programopplegg retta mot ulike publikumsgrupper, inkludert barn og unge.» 

Kunstforeininga si satsing på Sommarutstillinga som eit årleg prosjekt, har vore ein stor suksess og til inspirasjon både på den lokale og nasjonale kunstscenen.  Sommarutstillinga har vore og er ei storstilt satsing, og vert rekna som eit banebrytande grep for kunstforeininga. I 2022 valte dei ein modell med Open Call og temaet «Dyrisk» som enda med at 200 individuelle kunstnarar søkte om å få delta i utstillinga. I år inviterer dei igjen kunstnarar gjennom ein Open Call med temaet «Kvinnemyten».
Etter at kunstforeininga vart stifta i 1968 og etter ei oppstart i den nedlagte ungdomsskulen, fekk dei i 1990 overta driftsbygningane til bygda sin husmorskule. Gjennom ei omfattande renovering fekk den nye visningsstaden namnet «Kunstlåven». Det er eit lokal som gjev både utfordringar og gode moglegheiter for kunstnarar til å utforske rom og stadspesifikke prosjekt.  

Årets Kunstforeining 2022 har vist evne og vilje til stadig å fornye seg, samtidig som dei tek vare på lokalsamfunnet sine kunst- og kulturtradisjonar.
Utmerkelsen Årets kunstforening deles ut hvert år i tilknytning til Norske Kunstforeningers årsmøte. Prisen på 30 000 kroner skal gå til en norsk kunstforening som i løpet av foregående år har utmerket seg – enten på grunn av et enkeltprosjekt eller som over tid har markert seg som særlig aktiv, synlig, fantasifull, kreativ, utradisjonell på kunstscenen eller i kulturlivet. Årets kunstforening skal være til inspirasjon og etterfølgelse for andre kunstforeninger. Juryen for Årets Kunstforening består av styret i Norske Kunstforeninger.
Leder i Seljord Kunstforening, Tone Henriette Sætervang mottok utmerkelsen under Norske Kunstforeningers årsmøtehelg i Oslo 22. april på Sentralen i Oslo.