I haust startar ungdomstrinnet opp med programmet «Robust ungdom» i samarbeid med MOT. Alle klasser vil i løpet av ungdomstrinnet ha 4-6 økter i året med våre flotte MOT-coachar, som vi vil presentere etter kvart. 


Aller fyrst startar skuleåret med ein HEI- kampanje. Eit «hei» betyr mykje meir enn du trur. Det er starten på inkludering og viser at vi ser kvarandre. Medan elevane har fokus på å seie «hei» til kvarandre, vil vi oppmode alle dykk som er foreldre ved skulen til det same. Sei alltid «hei» til andre foreldre i klassa til barnet/ungdommen din når du møter dei, om det er på butikken, på Granvin eller andre stader. Hugs at eit godt «hei» innheld også blikkontakt og eit smil!