Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Rutinar i samband med besøk på kommunehuset.

Publisert
Denne artikkelen er over 2 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Seljord kommunevåpen

Publikum blir bedne om å halde seg oppdatrerte om kven som er til stades på huset, og gjere direkte avtale med den dei ynskjer å møte. Årsaka til dette er at mange anten er opptekne i møte eller kan vere på heimekontor.

For at besøk på kommunehuset skal foregå i tråd med smittevernreglane må vi ha kontroll på kven som kjem inn på kommunehuset og kvar dei skal i møte. Informasjon om denne rutina blir hengt på ytterdøra, på glassveggen inn til sentralbordet, på heimesida og på kommunen si Facebookside. Det blir innført loggbok for logging av besøkande og eira føremål, med registreringparametra:
Namn - telefonnummer - Dato og klokkeslett inn - Føremål med besøket - Dato og klokkeslett ut - Registrert av

Besøkande vil bli bedne om å vaske hender på besøkstoalettet og/eller nytte antibac, før dei går vidare inn i møte.

Under normale omstende er kommunehuset ope frå kl. 09.00 -14.00 med bemanna sentralbord. Av omsyn til smittevern, ber vi publikum om å gjere direkte avtale med den dei ynskjer å møte. Kontortid for dei tilsette er frå kl 7.45 til 15.00, og du kan vende deg til sakshandsamar på telefon i dette tidsrommet. Sjå telefonlista under Kontakt oss. Tilsette fører besøksprotokoll og registrerar folk som kjem med namn, tidsrom og kva ærend det gjeld.
Etter kl 14 er tilsette som har besøk av publikum som må skrive vedkommande inn og ut  av besøksboka.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker