Kven kan nytte seg av tilbodet?

Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod til deg over 16 år busett i Vest-Telemark, med symptom på mild til moderat depresjon, angst, søvnvanskar og begynnande rusproblem. Tilbodet er gratis. Du tar sjølv kontakt, utan henvisning frå fastlege.

Tilbodet bygger på kognitiv terapi, som er ein godt dokumentera behandlingsmetode for psykiske vanskar. 

For å ha god nytte av tilbodet er det viktig med eigeninnsats mellom behandlingstimane. 

Vi er ingen akutteneste. Ved behov for akutt hjelp må du kontakte fastlegen din, legevakta 116 117, eller ambulanse 113. 

Vi har som helsepersonell plikt til å føre journal når du mottar helsehjelp.

 
 

Til deg som er i målgruppa tilbyr vi:

Undervisningsbasera kurs 
Assistert Selvhjelp
Gruppebehandling
Individuelle samtaler 
 

Dei fleste vil få tilbod om kurs eller Assistert Selvhjelp. Nokon kan i tillegg ha behov for kortvarig behandling i gruppe eller individuelt. Saman bestemmer vi kva for tilbod som vil passe deg. 

Ta gjerne kontakt for å høyre om dette kan vere eit tilbod for deg. 

 

Kven er vi?

Rask psykisk helsehjelp er eit tverrfaglig samansett team i Vest-Telemark med brei og god kompetanse. Alle har lang erfaring med å jobbe med psykiske helseutfordringar i kommune- og spesialisthelsetenesta. Alle tilsette har vidareutdanning i psykisk helse/rus og kognitiv terapi.

 

Tilsette i teamet:   

Eva Margrethe Ellingsen – sosionom/fagleiar/kognitiv terapeut

Anne Lise Storkaas Forberg – sjukepleiar/kognitiv terapeut

Toril Aasmundstad – sjukepleiar/kognitiv terapeut

Ingunn M. D. Birkeland – sjukepleiar/kognitiv terapeut

Marika Alva Bjørge – psykolog/kognitiv terapeut

 

Kontakt oss på:

Telefon/sms: 906 70 130 – telefontid tysdag-torsdag kl. 12-14

Mail: rph@vest-telemark.no (ikkje skriv sensitiv informasjon i e-post)

Adresse: Brøløsvegen 47, andre etasje, 3840 Seljord

Kontoradressa vår er i Seljord, men vi disponerer kontor i alle kommunane i Vest-Telemark.