Konsekvensen av dette er at ein må rekne med lenger saksbehandlingstid enn normalt for ein kortare periode. Det vil gjelde for post som kjem til kommunen mellom 26. april og 24. mai. All post blir fortløpande opna og vurdert. Viktige meldingar og dokument vil bli informert om til aktuell saksbehandlar direkte, men den vil ikkje bli journalført. Det er tekniske og praktiske avgrensingar som ligger til grunn for dette. Postlister vil vere tilgjengelege heile tida, men med redusert innhald. Frå 10. mai startar vi med journalføring i nytt system og håper å vere ajour innan 24. mai.