Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Oppdatering koronasmitte Seljord kommune, søndag 20. desember

Publisert
Kommunevåpen

Kommunevåpen

Kl. 10.00: Seljord kommune fekk laurdag 19.desember beskjed om positiv test for covid-19 hjå ein person som er knytt til Helsesenteret. Smitteveg er avklart, og alle nærkontaktar har no fått beskjed om å gå i karantene. Nærkontaktar får fortløpande tilbod om testing. 
Som eit ekstra sikringstiltak vil legekontoret frå og med måndag 21. desember gå over i legevaktmodus. Det vil sei at alle som har avtale ved legekontoret dei neste dagane vil verte kontakta og få ny time over nyttår. 
Legevakta vert open frå kl. 08-23 kvar dag frem til og med 27.12.20. På julaftan vert telefonen sett over til Notodden kl.20.00.