Ordførar, rådmann og prosjektleiar var onsdag morgon på synfaring i Flatdal. Det er gøy å sjå at nyskulen tek form. Arbeidet er så godt som i rute, og det er full fart på byggeplassen kvar einaste dag. Snart er takstolane på nybygget på plass. Vi gler oss til å følgje arbeidet vidare, og ikkje minst til å få ta i bruk den nye fine skulen vår. Under kan du sjå nokre bilder frå synfaringa.