Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Lause hundar i villreinområdet

Publisert
Hund i band

Vi har fått melding om at det har vore lause bikkjer i Brattefjellområdet. Det er villrein i området, men det er ikkje bandtvang på denne tida.
Vi oppmodar alle som er på skitur og har med bikkjene sine, om å halde dei i band; særleg dersom dei går i området der det er villrein. Villreinen er svært sårbar, og det er somme stader vanskeleg med vinterbeite for dyra i år. Ikkje slepp bikkjene ute av syne!

Vi ynskjer alle gode turar og opplevingar i skog, mark og fjell. Ta også omsyn til skredfaren i fjellet.
God tur!