Skildring av eininga

Seljord kulturskule er ein viktig institusjon i kulturbygda Seljord. Skulen har vore i drift sidan 90 talet og har eit svært godt omdøme i kommunen. Det er ein viktig arena for opplæring og formidling av kultur og ikkje minst for barn og unge å få lov til å vere seg sjølve og treffe andre unge på tvers av klasser, alder, kjønn og bakgrunn. I skuleåret 2023-24 har kulturskulen 166 plassar inkludert grupper, individuelle tilbod og dei som får opplæring enkeltvis gjennom korps.

 

Om stillinga

Vi søker etter lærar i fiolin, hardingfele og cello i 30% stilling. 

Tilsettinga er fast.

Tilsetting frå 1.8.24 

Arbeidsoppgåver:

  • Individuell- og samspelsundervisning
  • Fagleg oppfølging av elevar
  • Tett samarbeid med kollegiet med faste møter og eigen deltaking og oppfølging av elevar ved konsertar

 

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
  • Undervisningserfaring frå kulturskule eller liknande
  • Beherske undervisning i ulike gruppestørrelsar og individuelt
  • Nytte varierte undervisningsmetodar
  • Ha utøvingserfaring som musiker
  • Ha erfaring i å bruke digitale verktøy til kommunikasjon, undervisning, timeplan og administrasjon

Personlege eigenskapar

  • Du er god på å motivere og engasjere
  • Du trivst i arbeid med barn og unge
  • Du trivst med samarbeid samtidig som du kan jobbe sjølvstendig
  • Du ser verdien av den lokale folkemusikkarven og ha god kontakt med det lokale hardingfelemiljøet
  • Evne til å lære seg det lokale hardingfelereportoaret
  • Du er engasjert i fagleg samarbeid
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Løn etter Hovudtariffavtala
  • Pensjon via KLP/SPK
  • IA-bedrift
  • Ein triveleg arbeidsplass med dyktige kollegaer

 

 

Den som blir tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar jf. Forskrift til opplæringslova § 15-1.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med rektor i kulturskulen Anne Torunn Øverbø på telefon 91360150eller e-postadresse: anne.torunn.overbo@seljord.kulturskule.no

Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjøn, kultur, religion om å søke.

Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet. 

Søk via elektronisk søknadsskjema

Søk stillinga her

Søknadsfrist 06.05.2024