Under kveldens kommunestyremøte, 7.9.2023, fekk Peder Lindhjem overrekt kulturprisen for 2023 av ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp).

Prisen er ein gåvesjekk på 20 000 kroner og ein bronseskulptur av Ellen Grøstad Barstad.

Grunngjeving og introduksjon

Her kan du sjå ordføraren si tale og juryen si grunngjevinga for at Peder Linshjem fekk kulturprisen i år:

Vinnaren i år er foreslått på bakgrunn av sitt store engasjement og innsats for Seljord si lokalhistorie, i hovudsak gjennom stort engasjement og innsats for Seljord sogelag. Prisvinnaren har vore med å gitt nytt liv til viktig lokalhistorie, og hans store interesse og engasjement for lokalhistoria har vore særs viktig for Seljord Sogelag.

I grunngjevinga vert prisvinnaren skildra som ein uvanleg aktiv leiar av Seljord sogelag heilt frå 2009 og fram til i dag.

Ein viktig del av arbeidet i sogelaget har vore sogevandringar på føremiddagen og andre turar, dels lagt til ettermiddagar og dels som heildagsturar. Desse turane rundt om i heile kommunen med kjentfolk som guidar og forteljarar har gitt lokalhistoria nytt liv, og vore til glede for mange.

Rydding og merking av både nye og gamle stiar og turvegar vitnar òg om prisvinnaren si store interesse for lokalhistorie.

Seljord sogelag har annakvart år gitt ut eit årsskrift i serien “Kultur og historie”. Prisvinnaren har sete i skriftstyret og har skrive fleire interessante artiklar. Forslagsstillarane framhevar spesielt i sin nominasjon at prisvinnaren har drive nybrottsarbeid gjennom dei artiklane han har skrive om Seljord under 2.verdskrig, som ingen andre har skrive om. 

Det er spesielt tre artiklar som vert trekt fram: 

  1. Årsskriftet 2014-2015: Kommunal »nyordning»1940-1945

2. Årsskriftet 2016-2017: Kyrkjekampen i Seljord 1940-1945

3. Årsskriftet 2018-2019 : Fra Seljord til SS-offiser på Østfronten.

Frontkjemperne Olav Djuve - fra motstandskamp til Quislings Hird

Prisvinnaren har òg vore aktiv i Seljord idrettslag og skreiv i 2002 boka “Seljord idrettslag gjennom tidene”.

Som ordførar vil eg understreke kor viktig det er for eit lokalsamfunn å ha slike eldsjeler, som brenn for å vise fram lokalhistoria vår. Det er med å bygge både identitet og stoltheit i eit lokalsamfunn, og det hjelper oss til å ta vare på historia som ligg der. Ein må kjenne historia for å forstå samtida vert det sagt. Og det har prisvinnaren bidrege godt til i Seljord!

Kulturprisnemnda stiller seg bak all den positive omtalen som har kome frå forslagsstillarane, og det er ei stor glede for meg som ordførar i Seljord, på vegne av kulturprisnemnda, å få tildele   PEDER LINDHJEM   Kulturprisen for 2023.