I samband med 17. maifeiringa i Flatdal vart Bjørg Minnesjord Solheim tildelt kulturpisen av Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord. Fungerande ordførar Sondre Aasan stod for sjølve utdelinga av kulturprisen som er ein bronsefigur laga av Ellen Grøstad Barstad og ein sjekk på 20 000 kroner. Kulturprisen i Seljord skal gå til ein person eller fleire personar, ein institusjon, eit lag eller ein organisasjon som har gjort ein innsats utover det vanlege innan kultur/ idrett i Seljord. 

Bjørg flytte til Svartdal og overtok slektsgarden Midt-Svartdal i 2001. Etter at Bjørg etablerte seg i Svartdal har ho både blitt geitebonde og industrigründer. Verksemda Telespinn, som Bjørg starta i 2008, har etablert seg som ei sterk merkevare, og har vore ei føregangsverksemd når det gjeld lokal og inkluderande sysselsetting og lokal verdiskaping. Telespinn er det leiande småskalaspinneriet i Noreg, og har blitt ein liten attraksjon i seg sjølv med fleire tusen besøkande kvart år.

Dei mange besøkande som kjem innom Bjørg og Midt-Svartdal reiser vidare med både strikkeprosjekt og kunnskap i bagasjen. Med sin utdanningsbakgrunn frå både idèhistorie, folkekunst og husflid, brukar Bjørg garden og spinneriet i Svartdal til å formidle kvinnehistorie, kultur, tradisjonar og verdien av kulturlandskapet. Verksemda driv også aktivt med forsknings- og utviklingsarbeid i samarbeid med tunge akademiske fagmiljø.

Fungerande ordførar Sondre Aasan peika på at formidlerar som Bjørg gjer ein viktig jobb med å utvikle og styrke den lokale identiteten med utgangpunkt i lokale tradisjonar, kultur og historie.

– Eg har sjølv vore innom Bjørg og sett både geitar og spinneri, og ikkje minst det vakre kulturlandskapet som Bjørg og geitene hennar tek godt vare på, sa Aasan i samband med overrekkinga av kulturprisen. – Det er imponerande kva Bjørg har fått til og korleis ho med med utgangspunkt i gardens ressursar, lokale tradisjonar og kultur, har bygd opp ei solid og innovativ verksemd. 

Prisutdelinga kom overraskande på Bjørg, og i takketala framheva at ho har hatt mange flinke folk med seg heile vegen som ho deler prisen med.