Budsjett og økonomiplan 2024 – 2027 

Kommunedirektøren sendte onsdag ettermiddag ut sitt forslag til budsjett og økonomiplan 2024 – 2027.  

Ho seier at det har vore ei lang og hard prosess med å få eit budsjett i balanse. No skal politikarane gjere sitt, og saka skal til handsaming i formannskapet den 29. november og i kommunestyret den 14. desember. 

Her kan du lese budsjettforslaget: https://pub.framsikt.net/2024/seljord/bm-2024-økonomiplan_og_budsjett

Det vil bli tøffe økonomiske år i komande økonomiplanperiode. Investeringar som blir gjort må skape rom for meir effektiv drift og leggje til rette for berekraftige strukturar. Både tenestetilbod og nivå må bli vurdert. Budsjettet for 2024 og komande økonomiplanperiode må difor i stor grad handle om korleis drifta til Seljord kommune skal tilpassast dei økonomiske rammevilkåra, inkludert auka gjeldsbelastning i åra framover.

Krigen i Ukraina har påverka heile verda, med mellom anna ustabil nasjonaløkonomi, auka råvareprisar, brotne logistikkliner og flyktningstraumar. Sjølv om norsk nasjonaløkonomi går godt, er det også press på denne samla sett som følgje av ulike forsøk på å kompensere for verknaden av auka inflasjon og auka rente. Noregs Bank sine rentehevingar vart sett i gang i 2022 har halde fram i 2023, og byrjar no å oppnå den effekten som er ønskt. Konsekvensane av det er likevel store for mange, både bedrifter, familiar og kommunar. Det er difor liten grunn til å tru at offentleg sektor kan forvente ein realauke i dei økonomiske rammene sine dei kommande åra. Det inneber at omstilling og effektivisering av eiga drift er endå viktigare.

Kommunedirektøren meiner det framover er viktig at det skapast realistiske forventningar hos innbyggjarar, politikarar og tilsette når det gjeld utfordringsbildet framover og den økonomiske situasjonen til kommune-Noreg generelt og Seljord spesielt. Det vil blir tøffe tider, og det er viktig at det er forståing for dette slik at gapet mellom forventningar og verkelegheit ikkje blir for stort.

Med bakgrunn i demografiendringar med påfølgjande endringar i behov og oppgåver på dei ulike tenesteområda, har kommunedirektøren i sitt forslag prioritert helse og omsorg. Det er i budsjett- og økonomiplan 2024 - 2027 lagt inn ei heilt nødvendig auke i investeringar og drift på dette området. Det er ei dramatisk auke som må til for å møte framtida på området. Ei slik storsatsing gjer at det er lite rom for å prioritere andre tenesteområde, og handlingsrommet er strekt for at vi skal kome oss gjennom 2024.

 

Eit hovudtiltaka i kommunedirektøren sitt  budsjettforslag er at ein raskt på nyåret sett i gang eit omstillingsprosjekt der ein går igjennom drifta på alle tenesteområda. Omstillingsbehovet er berekna til 10 millionar kroner i økonomiplanperioden 2024 - 2027, og prosjektets mål er å skape varige endringar for ei sunn økonomisk drift og rett organisering og dimensjonering av tenester i heile kommunen. Om ein ikkje lykkast med det i løpet av 2024, er det kort veg til å måtte innføre eigedomsskatt for å få eit budsjett i balanse. Det må gis heilt konkrete tal på kva kvart enkelt område må finne løysingar på, og dette må gjerast i tett dialog med tillitsvalde, formannskap og kommunestyret slik at arbeidet er godt forankra.