Sitatet kom frå Ordførar Sondre då han opna folkemøte om busetting tysdag kveld. Og det er så viktig og riktig – skal flyktningar som kjem hit trivast og bli i kommunen vår, må heile lokalsamfunnet bidra.
 
Det var rørande å høyre Olena fortelje om sin veg frå Ukraina til Seljord. Og det på imponerande godt norsk etter å ha vore her i berre 6 månader!
 
Kateryna underholdt oss med vakker song. Sjølv om livet er vanskeleg, prøver ukrainarane å vere optimistar, og song og dans er viktig i så måte kunne dei fortelje.
 
Dei rundt 30 frammøtte fikk høyre om korleis Seljord jobbar med busetting. Avdelingsleiar integrering og busetting Ronde, flyktningkonsulent Per Atle, lærar ved vaksenopplæringa Wenche og rådmann Rikke fortalte alle litt om korleis dette gjerast i praksis.
 
Seljord kommune fekk 54 flyktningar i 2022. I 2023 skal vi busette inntil 40. Det er mange for ei lita kommune, og tilsette i alle avdelingar strekker seg kvar dag langt for å få det til.
 
Inger Marie frå Røde Kors og Rikke frå Frivilligsentralen fortalte også litt om korleis dei jobbar opp mot flykningane våre. Har du lyst til å gjere ei frivillig innsats, så ta kontakt med dei!
 
Kommunen treng bustadar; både hyblar, leilegheiter og hus som vi kan leige. Ta gjerne kontakt om du har nok som er aktuelt.
 
Takk for eit fint møte til alle dei frammøtte. Og takk til alle dykk som gjer ei innsats for at våre nye innbyggarar får gode dagar her hos oss!