Flyktningtenesta i Seljord samlar inn voks og stearinljos  til Ukraina, der frivillige vil bruke desse til å lage varmelamper for den ukrainske hæren. Desse lampene vil vere trygge å bruke for matlaging, oppvarming av vatn og personleg hygiene i vinterkulda. Dei avgir ikkje røyk, slik at fienden ikkje kan oppdage posisjonane til dei ukrainske soldatane i skyttergravane eller gravehola. Desse varmelampene, laga med voks og stearinlys, er også lette å bere med seg.

Du kan levere ljos og voks alle kvardagar mellom klokka 09:00 til 15:00 fram til 10. februar 2024,ved Seljord Flyktningetjeneste, Brøløsvegen 57, 3840 Seljord.