På 17. maifeiringa i Seljord fekk Inger Marie Espeland kulturprisen overrekt frå ordførar, Solveig Sundbø Abrahamsen. Prisen er på kr 20 000, samt og ein bronseskulptur laga av Ellen Grøstad Barstad. 

Kulturprisen skal gå til ein person eller fleire personar, ein institusjon, eit lag eller ein organisasjon som har gjort ein innsats utover det vanlege for kulturlivet i Seljord kommune. 

Ordførarens tale 

Om vinneran blir det sagt :
•    Prisvinnaren har lagt ned enormt mange timer i frivillig arbeid i ulike  lag og organisasjonar
•    Prisvinnaren sparer seg ikkje og er enormt ansvarsfull og omsorgsfull
•    Prisvinnaren er alltid blid og veldig inkluderande- ein humørspreder som ser alle 
•    Prisvinnaren  er god til å søke og få midlar til frivillig arbeid  
•    Prisvinnaren  koordinerer og organiserer aktivitetar som betyr mykje for veldig mange
•    Prisvinnaren er ikkje god til å ta i mot ros
 

Prisvinnaren koordinerer og organiserer den internasjonale matfesten, organiserer Bygdetråkk ,  har språktrening kvar måndag for flyktningar , ordnar og organiserer jolegåver  og teaterbillettar for dei som har mindre , ja dekkon skjønnar sjølvsagt at det er Mor Godhjarta Inger Marie Espeland som er årets kulturprisvinnar !

 

Seljord kommune gratulerer så mykje!