Seljord kommune viser til “Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19” vedteken i statsråd i dag 15.03.20 og nasjonale føringar for å avgrense reising og smittespreiing; «Helsedirektoratet ynskjer at innanlands transport skal gå mest mogleg som normalt, men me oppmodar sterkt alle til å unngå fritidsreiser.»
Vi viser òg til vedtak i Seljord kommune i dag om 14-dagar karantenepåbod for reisande frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag. Vedtaket vil innebere at dei som kjem til fritidsbustaden sin i Seljord frå desse områda omgåande vert sett i heimekarantene.
Har du allereie reist til din fritidsbolig i Seljord kommune ber vi deg om å reise tilbake til heimkommunen din.
Vi oppmodar òg folk om å ikkje komme til Seljord for å besøke familie eller andre som bur i kommunen. Helse- og omsorgstenesta vår tek vare på dei som treng pleie- og omsorgstenester.
Alt skjer fort og vi klarar ikkje å halde alle oppdatert på alt til ein kvar tid. Alle blir oppmodar til å følgje med og oppdatera seg på utviklinga via:
- Folkehelseinstituttet, www.fhi.no
- Helse Noreg, www.helsenorge.no
- Sentrale mediehus i Noreg, for eksempel NRK
Vennleg helsing
Beate Marie Dahl Eide Kine Jordbakke
Ordførar Kommuneoverlege