I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljreguleringsplan for Kvambekk lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i samfunnsutvalet den 31.01.2024. Planforlaget er retta i tråd med vedtaket i planutvalet.

Planforslaget legg til rette for totalt 74 nye tomter med vegtilkomst på delområde Kvambekkheii. Frå tidlegare er det 89 tomter i området, av desse er tre ikkje bygd. Nye tomter er fordelt på to fortettingsområde, og eitt utvidingsområde

Reguleringsplanen er i samsvar med gjeldande kommuneplan for Seljord kommune. Kommuneplanens arealdel blei vedtatt 16.12.2021, i denne er området regulert til byggjeområde for fritidsbustader, noverande BFR4 og BFR5 og framtidig BFRF5. Noverande område er regulert i Reguleringsplan Kvambekk med planID: 082820000001. Planen legg opp til omregulering og fortetting i den gamle planen for

Planen i målestokk 1:2500 med føresegner, planomtale og andre sentrale dokument i saka, ligg også på Seljord kommune si heimeside www.seljord.kommune.no 

 

Merknader

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Seljord kommune, Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord eller post@seljord.kommune.no innan 5. mai 2024.
 

Dokument i saka