Vi aukar grunnbemanning og søker etter helsefagarbeider i 70%, 50% og 21% stilling. Ny frist.

Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på skjerma avdeling for demente, 4 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk. 

Vi er ein gjeng med godt humør, stort engasjement og stå på vilje. Vi har stort fokus på primærsjukepleie til våre pasientar, er opptatt av kontinuitet, god samhandling med pårørande og kva som er viktig for pasienten.

Vi søker nå etter fagleg dyktige og engasjera medarbeidarar som er serviceinnstilt, har fokus på kvalitet og fag, initiativrik og som likar å jobbe i eit utfordrande og spanande fagmiljø.

Vi har som mål å vera ein stabil praksis kommune for studentar og har inngått eit samarbeid med USN om å vera ein praksiskommune. Vi har også godt samarbeid med vidaregåande skular i Telemark og har ofte elevar i praksis.

Vi er aktive i ulike prosjekt som  «Gode pasientforløp» i samarbeid med KS, «Akuttkjedeprosjektet i samarbeid med STHF og RASK/riktig antibiotikabruk i sjukeheim og kommunale helsetenestar. Seljord kommune er også vertskommune for etablering av interkommunalt simuleringssenter i Vest Telemark. Senteret har lokalisasjonar i Seljord. 

Nesbukti pleie og omsorgssenter deltar i TØRN prosjektet i regi av KS. Prosjektet har som målsetting å jakte på den gode vakta gjennom kontinuitet i bemanning og oppgåvedeling. Slik skal vi sørge for rett kompetanse til rett tid. 

Får vi deg med på laget?

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Formell utdanning og norsk autorisasjon
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Seljord kommune.

Eigenskaper:

  • Erfaring frå liknande arbeid, men ikkje eit krav
  • Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
  • Fleksibel og god arbeidskapasitet
  • Positiv, løysningsorientara og engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Vi vektlegg personlege eigenskapar

Me tilbyr:

  • God og strukturert opplæring
  • Fokus på fagleg utvikling og kompetanse
  • Faglege utfordringar 
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Ynskjer du fagleg utvikling, og ta vidareutdanning? Vi har gode avtaler som legg til rette for at tilsette får personleg vekst og moglegheit til kompetanseutvikling.
  • 2 delt turnus med langvakter kvar 4 helg 

 

Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

Nå manglar du berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Dersom interne omrokkeringer tilset vi også i desse.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

 

For meir informasjon, ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332 

 e-post: kristin.aamot@seljord.kommune.no

Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via elektronisk søknadsskjema på Seljord kommune si heimeside..
Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.      

 

Søknadsfrist 30.04.2024

 

Søk stillinga her