Fylkesveg 3422 Åmotsdalsvegen er framleis heilt stengt etter raset som gikk ved Skogabakken, ca 2,4 km frå Nutheimkrysset måndag morgon. Geolog og geoteknikker undersøkte vegen i går, og det har i dag blitt gjennomført grunnboring på sjølve vegen. Det er mykje vatn og ein fryktar at sjølve vegbanen kan rase ut når ein startar sikringsarbeidet. Tryggleik for innbyggjarane og dei som skal utføre arbeidet med sikringa kjem først. Det er framleis heilt uvisst når vegen kan opne att, men det er varsla at vegen kan verte stengt til uti neste veke.
BEREDSKAPEN ER IVARETEKE
Beredskapen er gjennomgått med tanke på brann, ambulanse, politi osb. Det vil bli rykt ut frå Åmot om det skulle bli behov for det. "Millionvegen" er stilt til disposisjon som beredskapsveg. Vegen er testa og må reserverast til beredskap slik at utrykningskøyretøy kjem fram ved behov.
Heimetenesta leverer tenester til dei som treng det, gjennom å køyre via Øyfjell. Bygdefolket stiller som vanleg godt opp for kvarandre i denne krevande situasjonen.
SKULESKYSS UNGDOMSSKULEN
Frå i morgon torsdag vert det transport for ungdomsskuleelevane til skulen, om Øyfjell. Alle heimar har fått beskjed i Visma om tidspunkt og transport.
FLATDAL OPPVEKSTSENTER
Det er ein svært lang omveg for dei minste elevane å bli skyssa til Flatdal. Skulen er i kontakt med alle heimane til dei 24 borna som soknar til Flatdal oppvekstsenter. Det vil bli tilbod om å få skyss til skulen for dei som likevel ynskjer det. Skulen legg til rette for digital undervisning for elevane.
Tilsette i kommunen som bur i Åmotsdal samarbeider no med andre bygdefolk for å få på plass ei tilsynsordning i Grendehuset, slik at elevar kan samlast for å ha digital skule i fellesskap. På den måten gjer ein det lettare for foreldra å kunne reise på jobb. Korleis dette skal løysast i praksis treng ein morgondagen (torsdag) på å få på plass. Ein er framleis i ein pandemi og må tenke på smittevernet også i denne situasjonen. Mange stiller opp for kvarandre no.