Førehandsrøystinga til kommune- og fylkestingsvalet 2023 startar 10. august.  Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere dette så tidleg at stemma di kan nå fram til den rette kommunen innan 12. september. 

I Seljord kommune kan du førehandsrøyste på kommunehuset alle kvardagar mellom klokka 09 og 15 frå 10. august til og med 8. september 2023. Vi har utvida opningstider kvar torsdag til klokka 17. Adressa til kommunehuset er Brøløsvegen 13a 3840 Seljord.

Her finn du alle førehandstøystelokala

Dokumentasjon

Ta med legitimasjon med bilete når du møter fram for å førehandsløyste. Viss røystemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få røyste. Last gjerne ned valkortet på telefonen og dersom du har fått tilsendt, bør du ta det med og, sølv om det ikkje er eit krav fir å få fårehandsrøyste. 

Ta kontat med din heimkommune viss du ikkje har motteke valkortet innan 10. august. 

Røysting på institusjon

Veljarar som bur i  institusjon kan førehandsdrøyste på institusjonane. Valstyret har fylgjande plan for førehandsrøysting på institusjonane i Seljord kommune:

Steinmoen, onsdag 30. august kl. 12 - 14
Nesbukti, torsdag 31. august kl. 10 - 12
Nestunet, torsdag 31. august kl. 13 - 15