Informasjon om eigedomsskatt i Seljord kommune

Ordninga med kommunal eigedomsskatt er meir enn 100 år gamal i Noreg. Eigedomsskatten er den einaste skatteforma som kommunen sjølv har styring med, og der heile skatten fullt ut vert verande i kommunen. Eigedomsskatten kan då i sin heilskap nyttast til å finansiere kommunale tenester. Seljord kommune har hatt eigedomsskatt på «verk og bruk» sidan 1976, dvs. på industri, verkstadar, kraftanlegg og kraftnett. Frå 2022 vert eigedomsskatten utvida til å gjelde alle eigedomar.

Skattetaksten
Eigedomsskattetaksten skal vere ein berekna salsverdi. For bustadar og fritidsbustadar skal denne verdien reduserast med 30 %, som då blir skattegrunnlaget ein skal betale eigedomsskatt av. For næringseigedomar er det ikkje slik reduksjonsfaktor.

Skattesatsar
Eigedomsskattelova seier at skattesatsen skal vere minimum 1 promille (0,1 %) av skattegrunnlaget og maksimum 4 promille for bustad- og fritidseigedomar og maksimum 7 promille for næringseigedomar. For bustad- og fritidseigedomar er skattesatsen første året (2022) 1 promille av skattegrunnlaget. Kommunestyret kan deretter auke skattesatsen med inntil 1 promille for kvart år, men ikkje til meir enn 4 promille. For næringseigedomar er Seljord kommune på maksimumssatsen på 7 promille, då det har vore eigedomsskatt på næring, i form av «verk og bruk», kraftanlegg og kraftnett, sidan 1976.

Døme på eigedomsskattetakst og eigedomsskatt på bustad- eller fritidseigedomar finn du i informasjonsskrivet under Lenker.

Eigedomar som skal takserast for eigedomsskatt
Alle eigedomar, både bygningar og tomter, skal takserast, med unnatak av staten og kommunen sine eigedomar og eigedomar som vert drivne som gardsbruk eller skogbruk (jf. eigedomsskattelova § 5).

Fritaket for landbrukseigedomar gjeld ikkje for bustadane (våningshus og kårhus), garasjar til privat bruk, hytter som vert brukt som fritidseigedom, og næringsbygg som vert nytta til anna verksemd enn landbruk. Slike bygg, med tilhøyrande tomt, skal takserast som andre tilsvarande eigedomar (altså som bustad- fritids- eller næringseigedom). Bustadar på landbrukseigedomar vert taksert noko lågare då dei ikkje på same måte som andre bustadar kan omsetjast ved fritt sal.

Bygningar som er 20 kvadratmeter eller mindre vert ikkje taksert, uansett kva dei vert brukt til.
Etter § 7 i eigedomsskattelova kan kommunestyret frita ulike typar eigedomar for eigedomsskatt.  Dette kan til dømes vere eigedomane til friviljuge lag og organisasjonar, og bygningar med historisk verdi. Kommunestyret vil seinare i år bestemme kva eigedomar som eventuelt skal fritakast etter § 7.

Takseringsmåte
Takseringa byggjer både på faktaopplysningar og skjønsmessige vurderingar.

Faktaopplysningar om adresser, tomt, bygningstype og bygningsareal fordelt på ulike etasjar blir henta frå «matrikkelen» som er det nasjonale eigedomsregisteret i Noreg. Der det manglar opplysningar om arealstorleik på bygningar, blir desse innhenta ved utvendig oppmåling i samband med synfaring av eigedomen. Det er bygningens bruksareal (BRA) som vert lagt til grunn med sjablongverdiar for ulike typar bygg og ulike etasjetypar (hovudetasje, underetasje, kjellar og loft).

Skjønsmessige vurderingar tek opp andre tilhøve som påverkar verdien, til dømes standard og plassering (»beliggenhet»). Desse vert fanga opp ved  synfaring av kvar einskild eigedom. Det vert nytta sonefaktorar for å fange opp geografiske skilnadar i marknadsverdiar.

Synfaring
Det skal vere utvendig synfaring av alle eigedomane. For næringseigedomar kan det òg bli innvendig synfaring. Synfaringa, inkludert skjønsmessige vurderingar og kontroll av faktaopplysningar, vert gjort av firmaet Jeessaa AS. Ved synfaringa har dei på seg gule vestar merkt med «Seljord kommune. Eigedomsskatt. Taksering» og bilane deira er merkt på same måte. Dei har òg ID-kort frå Seljord kommune som skal visast fram på førespurnad.

Synfaringa vil skje frå 25. mai 2021 og utover året, og vert gjort både på dag- og kveldstid, samt helg. Til bruk i takseringsarbeidet vil bygningane bli fotograferte, jf. eigedomsskattelova § 31-5.

Synfaringa vil bli gjennomført utan at du som eigar treng å vere til stades. Om du likevel ynskjer å vere til stades, må du ta kontakt med Jeessaa AS v/dagleg leiar Eivind Aarland på e-post Eivind@5u.no, eller på telefon 930 63 256 så snart du kan. Du må då i så fall opplyse om: Gards- og bruksnummer, og eventuelt feste- eller seksjonsnummer, adresse på eigedomen, og kven som er eigedomens kontaktperson (med namn, telefonnummer og e-postadresse).

Etter synfaring og taksering
Det er sakkunnig nemnd for eigedomsskatt som vedtek takstane. Dette er ei nemnd som er vald av kommunestyret. Taksten skal stå fast i 10 år, med mindre det skjer monalege endringar på eigedomen. Alle takstane blir lagt ut til offentleg ettersyn innan 1. mars 2022. Eigarane vil då òg få tilsendt skattesetel med takstgrunnlag, og det blir opplyst om klagerett og klagefrist, og korleis klaga vert handsama. 

Du finn meir informasjon i dokumenta og eksterne lenker under Lenker 

For meir informasjon om eigedomen dykkar, sjå Min eigedom og Kart som du finn under Lenker og på startsida på heimesida vår, øvst til høgre.