Teikn på demenssjukdom kan vera hukommelsessvikt, språkvanskar, handlingssvikt, desorientering for tid og stad, feilplassering av gjenstander og personlegdomsendring.

Me er to sjukepleiarar som arbeider i hukommelsesteamet.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss dersom du er uroa for om du sjølv, ein pårørande eller ven kan ha demenssjukdom. Fastlege, tenestekontoret og heimetenesta kan også ta kontakt med oss for deg. Me har fast arbeidsdag torsdagar i oddetalsveker, men du kan kontakte oss også utover denne tida om det trengst.

Me kan tilby:

  • samarbeid med fastlegane i utreding av demenssjukdom
  • samtaler/ veiledning
  • samarbeid med heimetenesta
  • informasjon om aktuelle tilbod i kommunen
  • vurdering av sikkerhet i heimen
  • vurdering av behov for hjelpemiddel