Seljord kommune kunngjer at Beate Våge Lia, noverande kommunalsjef innan helse og omsorg, er inner tilsett som som ny kommunedirektør.

Etter grundige vurderingar av dei 10 søkjerane som viste interesse for stillinga, og fleire rundar med evaluering, har Seljord kommune innstilt Beate Våge Lia til å leie Seljord kommune sin administrasjon vidare.

Beate Våge Lia har kvalifikasjonar og erfaringar som vil vere avgjerande for å møte dei  utfordringane og moglegheitane som er i Seljord kommune. Ho har vist god evne til å leie, innovere og samarbeide gjennom heile sin karriere, og me er overbevist om at ho vil spele ei viktig rolle i å drive Seljord kommune framover. Ho har i dag ansvar for tenesteområdet helse og omsorg og er formell stadfortredar for kommunedirektøren i Seljord kommune.

Ordførar er  takksam for innsatsen frå alle dei kvalifiserte kandidatane som deltok i prosessen og takkar det partssammensatte utvalet for deira arbeid i evalueringa.

Innstillinga frå det partsamansette utvalet vart handsama av kommunestyret 14.12.2023, der Våge Lia formelt vart tilsett.