Skulen har dei siste åra hatt skulemiljø som satsingsområdet, i samarbeid med Paul Viktor Viker i "God skole". Samarbeidet har ført til at det er innført timeplanfesta elevsamtaler med kontaktlærar kvar veke. I tillegg har kvar klasse utarbeida rutinar som eit verktøy for å førebygge uheldige hendingar.
Framover vil skulen arbeide med tverrfagleg læring, i tråd med læreplanen Kunnskapsløftet 2020. Målet er periodar i løpet av skuleåret kor vanleg timeplan blir lagt til side, og elevane får høve til å fordjupe seg og jobbe meir samanhengande. På denne måten blir det lagt til rette for dei tverrfaglege tema, djubdelæring og ferdigheitar slik som samarbeid og kommunikasjon.
Trygt og godt skulemiljø
Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjer helse, trivsel og læring. Det er eleven si eigen oppleving av korleis det er på skulen som er avgjerande.
Skulen skal syte for at elevane har det trygt og godt på skulen. Alle som jobbar på skulen skal følgje med om elevane har det bra. Alle som jobbar på skulen har plikt til å følgje med, om naudsynt gripe inn, og varsle rektor dersom ein elev blir mobba/plaga eller på andre måtar ikkje har det bra.
Rektor har ansvar for å lage ein plan og sette inn tiltak til eleven igjen har det trygt og godt på skulen. Rektor skal informere eleven og foreldre om kva som blir gjort, og eleven har rett til å bli høyrt. Dette kallast aktivitetsplikta.
Dersom ein elev blir krenka av ein tilsett på skulen, skal rektor varsle skuleeigar.
Foreldre har høve til å melde saka til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, dersom ein meiner at skulen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar. Før saka blir meldt til Statsforvaltaren, må saka bli tatt opp med rektor og det må gå minst ei veke. Saka må gjelde skulemiljøet som eleven går på nå.
Dersom du ynskjer å lese meir om trygt og godt skulemiljø, finn du det her.
Dagsrytme
1.- 4. trinn
- måndag - onsdag - fredag: kl. 08.10- 12.00
- tysdag - torsdag: kl. 08.10- 13.50
5.- 10. trinn:
- Alle dagar: kl. 08.10 - 13.50
Miljørettleiar/LOS på ungdomstrinnet
Frå skuleåret 2022/23 er Tommy Sandsdalen tilsett i prosjektstilling som miljørettleiar/LOS ved skulen. Tommy har kontor på ungdomstrinnet. Overordna målsetting er å gjera overgangen frå grunnskulen til vidaregåande skule trygg for elevane, slik at det blir lettare å gjennomføre vidaregåande utdanning. Dette kan handle om yrkesrettleiing, bidra til auka meistring og motivasjon hos elevane, vera ein samtalepartnar og rettleie i sosialt samspel og kompetanse. I kvardagen er Tommy med i ulike aktivitetar med elevane, både i klasse eller med enkeltelevar. Han samarbeider tett med kontaktlærarar og rådgjevar.
Tommy er utdanna barnevernspedagog og har sin yrkesbakgrunn frå ulike barnevernsinstitusjonar og som rettleiar/motivator i IDEA kompetanse.
Du kan kontakte Tommy på e-post.

Bekymringsfullt skulefråvær
Vi veit at fleire og fleire elevar strevar i kortare eller lengre periodar med å gå på skulen.
Vi veit at årsakane til dette som oftast er samansette.
Vi veit at dersom vi kjem tidleg inn med tiltak, kan vi hindre at skulefråværet utviklar seg.
Vi har utarbeida rutinar for å styrke skulenærværet. Framover vil de få ei automatisk melding i Visma når barnet/ungdommen din har nådd 10 dagar fråvær i løpet av eit halvt skuleår. I tillegg vil kontaktlærar ringe deg for å drøfte om det er eit fråvær som gjev grunn til bekymring og vidare oppfølging eller ikkje.
Her finn du Seljord barne- og ungdomsskule sine rutiner for bekymringsfullt fråvær.
Høyr Trude Havik fortelje kva bekymringsfullt skulefråvær er:
Kjelde: Rådet for psykisk helse
Les meir om tema her.
Råd og utval 2022 - 23
FAU
Leiar: Knut Inge Brekka Skoland
Nestleiar: Janne Bakken
Sekretær: Ronde Schade
Innkalling 03.11.22
Referat 03.11.22
Innkalling 30.11.22
Referat 30.11.22
Resultat frå spørjeundersøking kring Polen-tur
Samarbeidsutvalet (SU) og skulemiljøutvalet (SMU)
Innkalling 10.11.22
Referat 10.11.22
Innkalling 20.04.23
Referat 20.04.23
Elevråd
Leiar 5.- 7. trinn: Olav Johannessen
Nestleiar 5.- 7. trinn: Gunhild Aase
Leiar 8.- 10. trinn: Alexander Norgaard
Nestleiar 8.- 10. trinn: Mata T. Gadamurova

SFO
SFO er eit tilbod for barn på 1.- 4. trinn og barn på 5.- 7. trinn med særskilt behov. Det er tilbod om SFO før skulen om morgonen og etter skulen på ettermiddagen fram til kl. 16:30 kvar dag. Det er ulikt kor mange barn som er på SFO til dei ulike tidspunkta, men tilsaman er det ca. 50 barn på SFO. SFO har ei rammeplan, som du finn her. På SFO ved Seljord barne- og ungdomsskule legg ein vekt på matlaging, ulike formingsaktivitetar og å vera mykje ute. Leik er ein viktig del av SFO.