Prosedyre for undervisning på Granvin:

Viss ikkje anna er opplyst frå lærar, møter du til den tida/timen du hadde før corona-stenginga 12. mars.
Elev møter utanfor hovudinngangen til Granvin og vert henta av lærar. Eleven vaskar/spritar hendene i foajeen og gjeng saman med lærar til undervisningsstad.
Lærar og elev held 1 meter avstand, også i undervisninga.
Når undervisninga er ferdig, følgjer lærar eleven til spritstasjon i foajeen og følgjer deretter eleven ut hovudinngangen. Berre lærar skal ta på dørhandtak.
Stol, notestativ og anna utstyr som eleven har vore i kontakt med, skal vaskast etter kvar time før ein hentar ein ny elev.

Merknader:

  • Eleven må ha med eige instrument med unntak av piano og trommer. Trommeelevar må nytte eigne trommestikker
  • Piano og slagverk vert vaska etter kvar time med eingongsklut med såpevatn. Elev og lærar har kvart sitt slagverk og piano
  • Det blir inntil vidare ikkje opna for band, barnekor og StudioX-undervisning på Granvin
  • Elevane til Stanley Blackburn fortsett med digitalundervisning fram til sommarferien
  • Elevane til Gunn Steinstad startar på eit seinare tidspunkt etter nærare avtale
  • Elevane til Jo Henning Kåsin som har undervisning på tysdag/onsdag, startar med undervisning frå tysdag 26 mai
  • Elevar i korpsa og juniorspelemannslaget får beskjedar via korpset eller lærar

Undervisning i Flatdal:

  • Elevar som til vanleg har undervisning i Flatdal, fortset om mogeleg med digital undervisning heime viss ikkje anna er avtalt.

Smitteførebyggjande tiltak:

  1. Sjuke personar skal halde seg heime
  2. God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald
  3. Halde minst 1 meter avstand og redusert kontakt mellom personar

Personar som kan vere fysisk til stades:

  • Personar som ikkje har symptom på sjukdom
  • Tilsette, brukarar og andre som har gjennomgått luftvegsinfeksjon, så lenge dei har vore symptomfrie i minst eit døgn
  • Ved gjennomgått covid-19 gjeld eigne råd for når isolasjonen kan opphevast, gjeve av helsetenestene og Folkehelseinstituttet.

Personar som ikkje kan vere fysisk til stades:

  • Personar som har symptom på luftvegsinfeksjon, sjølv ved milde symptom
  • Personar som er i karantene og isolasjon. Det er viktig at tenestene kommuniserer dette til tilsette, brukarar og andre

Forsterka reinhald på utsette område:

  • Toaletta og vaskeservantar bør reingjerast minimum dagleg ved dagleg bruk. Tørk over flater som toalettsete og kran på servanten regelmessig, avhengig av kor hyppig det er i bruk
  • Eingongs papirhandkle og såpe bør vere tilgjengeleg, og vi må syte for at søppel blir tømt regelmessig
  • Dørhandtak, trappegelender, armlene, andre bordflater og gjenstandar som ofte blir teke på, bør bli reingjort hyppig
  • Utstyr som blir brukt av fleire (f.eks. nettbrett, skjermar som ein tek på, tastatur, leikar osv.) blir reingjort etter bruk

Du kan lese rettleiinga frå Folkehelseinstituttet, 9.5.20 her