Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Viktig melding til elevar og føresette i barnehage, grunnskule og Vaksenopplæringa

Publisert , Oppdatert 03. januar 2021
Seljord kommunevåpen

Seljord kommunevåpen

I møte i beredskapsleiinga 3.1.2021 blei det bestemt at alle elevar ved Seljord ungdomsskule skal ha heimeskule/ikkje møter på skulen måndag 4.1.2021. Kommunen fylgjer tilrådinga frå regjeringa og innfører «raudt nivå» for elevane på u-trinnet. Elevane vil  få nærmare informasjon om dette i løpet av måndag 4.1.21.

For ungdomsskulen måndag 4.1.2021:

  • Skuleleiinga og lærarane ved ungdomsskulen har møte kl 8-9.00
  • Trinntid kl 9-10.00
  • Digital undervisning for alle elevane startar kl 10.00

Elevar/føresette som treng utstyr kan hente dette på skulen måndag 4.1.2021 frå kl 8.00.

For barnehage og barneskule:
Barn i barnehagane og elevar på barneskulen møter som vanleg då desse framleis er på «gult nivå». Vi minner om dei generelle retningslinene for godt smittevern.

For Vaksenopplæringa:
Digital undervisning frå og med måndag 4.1.2021.

Kulturskulen:
Det blir ikkje tilbod måndag 4.1.21. Oppdatert informasjon kjem i løpet av morgondagen, måndag 4.1.21.

Lenke til Regjeringa sine pålegg og tilrådingar pr. 3.1.21