Seljord kommune er nå med i det nasjonale læringsnettverket TØRN, og Nesbukti pleie –og omsorgssenter er vald ut til å vere kommunens første arbeidsplass som skal gjennom endringsarbeidet.  

Tørn starta med pilotar i 2020, og etter 3 år, blei det anbefala som eit nasjonalt satsingsområde. Tørn er eit endringsarbeid som i hovudsak handlar om omorganisering av oppgåvefordeling og arbeidstider, for å drifte kommunen på ein meir berekraftig måte. Målet med prosjektet er at det på sikt skal føre til auka kontinuitet og kvalitet i tenestene og forutsigbarheit og tryggleik for pasientar og tilsette. Gjennom endringsarbeidet får kommunen gode verktøy, støtte og hjelp frå KS og Tørn kommune. Fokuset i nettverket er medarbeiderdrevet innovasjon (MDI) der dei tilsette er inkludert i endringsarbeidet, for å få til ei varige og berekraftig endring.  

«Tørn er et lærings- og utviklingsnettverk som tilbyr forskingsbasert undervisning og rettleiing på eit nivå vi ikkje har sett i tidlegare nettverk», står det i Fafo-rapporten frå 2023.  

 

Les meir om TØRN her: Dette er Tørn Kommune - KS 

 

Prosjektorganisering:  

Styringsgruppe: Janne Larsen (konst. kommunalsjef Helse og omsorg og prosjekteigar), Kristin Aamot (Einingsleiar NPOS), Eldbjørg Hauge (Einingsleiar Helsesenteret), Sigrid Kleivi Berge (Einingsleiar Open omsorg), Heidi Eilefsen (Konst. Einingsleiar Tilrettelagte tenester), Sigbjørn Tvitekkja (hovudverneombod), Anne May Selstø (hovudtillitsvald NSF) , Linda Torsdalen Angre (hovudtillitsvald Fagforbundet), Julie Velta (prosjektleiar) og Amalie Gravir (personalansvarleg i kommunen). 

 

Prosjektgruppa: Julie Velta (Prosjektleiar), Hege Monica Sivertsen (plasstillitsvald NSF), Kristin Tørre (plasstillitsvald fagforbundet), Mariken Mostøyl (verneombod) og 3 tilsettrepresentantar; Lisbeth Eidal, Linn Amalie Gramstad og Karoline Slåtta.