Dersom ein har vore i områda som er omfatta av vedtaket (innanlands og utanlands) og kjem tilbake til i Seljord kommune, så er ein i karantene i 14 dagar. Dette har tilbakeverkande kraft til 10.03.2020. Karantene betyr bl.a. å ikkje gå på skule og jobb, ikkje ta offentleg transport, ikkje oppsøke store folkemengder, viss ein må, så hald minst 2m avstand. Hugs god handhygiene og god nyse- og hostekultur. 

Pendlar du inn til Seljord og har vore i område med smitte, er du vurdert til å vere i karantene. Unnataket er om du har jobb innenfor ein av dei 15 samfunnskritiske gruppene, då skal du vurderast særskilt. Er du ein av dei 15 unntaka og er forkjøla er du i karantene. Øvrig familie er ikkje i karantene sjølv om eit familiemedlem er i karantene.

Dersom du er i tvil: hald deg heime.

Seljord kommune gjev ikkje unnatak frå forbodet mot å opphalde seg på fritidseigedom, hytte, campingvagn, sekundærbustad etc. Det vert oppmoda til at folk er mest mogleg i ro i heimkommunen sin, for i størst mogleg grad å hindre smittespreiing. Helsetilbodet i Seljord er dimensjonert for å handtere dei faste innbyggarane våre, ikkje dei som kjem som besøkande.

Smittervernlova § 4 opnar for å gjere slike innskrenkande tiltak.

Alt skjer fort og vi klarar ikkje å halde alle oppdatert på alt til ein kvar tid. Alle vert oppmoda om å følgje med og oppdatera seg på utviklinga via: