Ventekarantene gjeld for desse elevane:

  • Alle elevane i 4a, 5b og 9a.
  • Fire elevar frå 8a 
  • 11 elevar ved SFO-ordninga.

Dei aktuelle elevane i 8a og ved SFO-ordninga vil få direkte beskjed av skulen i løpet av kvelden. 

Totalt 15 tilsette er i karantene/ventekarantene. Det er ikkje naudsynt for personar i ventekarantene å teste seg, men dersom ein utviklar symptom på Covid-19 må ein kontakte helsesenteret for testing.

Alle andre elevar og tilsette møter som vanleg på skulen torsdag. Familiane til personar i ventekarantene kan møte på skule og arbeid som vanleg.

Status elles pr. 7.4.21:

  • Det er pr. i dag ingen personar registrert smitta av covid-19 i Seljord
  • Personen som den 30.3.21 blei meldt registrert smitta av covid-19, er no friskmeldt og ute av isolasjon.


Helsing
Beredskapsleiinga i Seljord kommune