"Leve heile livet" blei vedteke av Stortinget i 2018. Reforma skal bidra til at eldre:

  • Skal meistre livet lengre
  • Ha ein trygg og aktiv alderdom
  • Føle seg trygge på at dei får god hjelp når behovet oppstend
  • Har pårørande som kan bidra utan at dei blir utslitt

Reforma skal også bidra til at våre tilsette kan bruke kompetansen sin i den daglege tenesta.

Reforma har fem satsingsområde:

  • Eit aldersvenleg Noreg (Seljord)
  • Aktivitet og fellesskap
  • Mat og måltid
  • Helsehjelp
  • Samanheng i tenestane

Eit betre samfunn for eldre
Det viktigaste målet med reforma er å skape eit meir aldersvenleg samfunn som legg til rette for at alle eldre kan bidra og delta i samfunnet. Ein ønsker også å finne løysingar på utfordringar knytt til aktivitet, fellesskap, måltid, helsehjelp, samanheng og overgang i tenestane.

Eldre har ulike forutsetningar og store variasjonar i behov og ønske. Det er difor viktig å finne gode løysingar for ulike grupper på tvers av sektorane. Med auka tal på eldre må den enkelte innbyggar ta vare på eiga helse, og i størst mogleg grad tilrettelegge heimen sin for alderdommen.  Eldre som er i stand til og som har lyst, bør få moglegheit til å vera aktive. Det vil vera «vinn vinn» for den enkelte og samfunnet.

Meir informasjon om Leve heile livet- reforma sjå Regjeringen 

Ynsker du å bidra?
I Seljord kommune har me allereie mange gode tenestar og tilbod. Det blir no jobba med å kartlegge kommunen sine behov og utfordringar og kva for tiltak kommunen skal satse på vidare for å bidra til at Seljord blir ein kommune det er godt å bli eldre i.

Ved å svare på kartleggingsskjemaet kan du vera med å bidra til å påverke kva som er viktig for deg for at du skal få ein god alderdom i Seljord kommune og bidra til at Seljord kommune blir ein endå betre aldersvenleg kommune.

Alle i alle aldrar er velkomne til å svare på skjemaet. Alle har eit forhold til eldre, uansett kor gamal ein sjølv er, og omsorg til eldre er noko som engasjerer mange i samfunnet.

Har du forslag til konkrete tiltak, kan du skrive det under «anna» i kartleggingsskjemaet.

Frist for å svare er 11.5.2021

Trykk her for å komme til kartleggingsskjema