Generelle retningsliner for besøk:

  1. Alle besøk skal avklarast med avdelinga i forkant. Ring avdelinga på førehand. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngang, og vente til personalet kjem. 
  2. Me har siesta kl. 14.00-16.00.
  3. Dei tilsette lagar ein besøksplan som er ei oversikt over når besøk kan takast imot. Pårørande må «booke» besøk. 
  4. Alle besøkande blir ført inn i besøksprotokollen. Dette er for at institusjonen skal ha oversikt over kven som til ei kvar tid har vore på besøk (dette er viktig for eventuell smitteoppsporing).
  5. Alle besøkande må svare på spørsmål om Covid-19. Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19-smitte, samt dei som er definert som nærkontakt til smitta eller i karantene etter utanlandsreise, skal ikkje besøke institusjonen.
  6. Dersom besøkande blir sjuke innan 48 t etter at dei har vore på besøk på NPOS må institusjonen kontaktas slik at smitteverntiltak kan iverksettjas så snart som råd.
  7. Generelle smittevernrutiner ved alle besøk:
    • Håndhygiene rett før og etter besøk.
    • Det skal ikkje førekome fysisk kontakt mellom besøkande og bebuar.
    • Besøkande må halde minst 1 meters avstand til bebuar og tilsett.
    • Besøk innadørs skal foregå på pasientrom eller besøksrom. Besøkande kan ikkje opphalde seg i fellesareal.
    • Dersom ein er sjuk, skal ein ikkje kome på besøk.
    • Besøkande frå område med mykje smitte må bruke munnbind som dei får utdela av tilsette på NPOS.
  8. Vi legg til rette for individuelle tilpassingar i høve til besøk ved alvorleg sjukdom/terminal pleie, slik at pårørande kan vere hjå sine næraste i livets sluttfase.

Med helsing
Nesbukti pleie- og omsorgssenter