Barneskulen i Seljord startar kl 8.10. 
1.trinn møter på baksida av skulen kl 8.10. Føresette til 1.klasse kan bli med inn på skulen i 15 minutt (om det ikkje er spesielle omsyn). Skulen og kontaktlærarane sender ut meir detaljert informasjon til alle føresette på Visma om oppstarten og Korona-tiltak. 

Flatdal oppvekstsenter startar kl 8.40. Alle møter på skuleplassen, også 1.klassingane. 

Det vil vere ein del omsyn vi må ta knytt til Koronasituasjonen. 
Skule og barnehage startar opp på såkalla “gult nivå”.  Det inneber:  

  • at ingen skal møte på skulen eller SFO dersom dei er sjuke
  • at elevane vaskar hendene før dei kjem på skulen  
  • god handhygiene og godt reinhald på skulen  

Skuleskyss på gult nivå: 
Elevar som er avhengige av skuleskyss, kan nytte buss eller annan transport for å kome seg til og frå skulen. Elevane bør halde avstand til andre, men det er ikkje noko krav om at elevane skal halde éin meter avstand til medelevane, sjølv om dette kravet gjeld for andre reisande. 

Kvar skule og barnehage sender ut tilpassa informasjon via eigne informasjonskanaler (Mykid og Visma). Skulestarten for nye 1.klassingar blir tilpassa smittevernsituasjonen, men skulane prøver å gjennomføre denne dagen så normalt som mogleg. 

SFO har normal opningstid frå kl. 07.30 - 16.30

Du kan lese meir om oppstart av skulekvardagen på Udir sine nettsider

Generelle retningsliner om skuleskyss og smittevern frå Vestfold og Telemark Fylkeskommune