I samband med utskifting av tre kummar i krysset ved Jakob Naadlandsveg og oppkøyringa til Seljord folkehøgskule, kan vatnet bli delvis stengt onsdag 23. og heile torsdag 24. november. Arbeidet fører til at Jacob Naadlandsveg blir delvis stengd torsdag 24. november frå kl 8 fram til ca kl 18.00. Stenginga gjeld frå krysset ved folkehøgskulen og opp i Runningenfeltet.

Det blir trykklaust i periodar; spesielt torsdag 24.nov. frå kl 08.00 til kl 17.00 for dei som bur på folkehøgskulen, i Runningfeltet, øverst i Enkegata og deler av Nordbygdivegen nedanfor og på Uppebøen. Det er lurt å tappe vatn i dag slik at de har i beredskap. Vi arbeider med å lage ei by-pass-løysing for Runningfeltet. Seljord kommune ber om orsaking for ulempa dette gjev. 

Som ein følge av dette blir Jakob Naadlands veg delvis stengd i periodar torsdag 24.nov. frå kl 8 fram til ca kl 18.00. Det er maskinar og graving i området ved krysset mellom Jakob Naadlands veg og innkøyringa til Seljord folkehøgskule. Midt på dagen torsdag blir vegen heilt stengd. Privatbilar kan passere innimellom, men ein må basere seg på at ein ikkje kan køyre der. Det blir ikkje mogleg å passere for lastebilar. Ein minnar om gangstien mellom folkehøgskulen og Runningenfeltet.

Vi ber om orsaking for ulempene dette gjev!

Helsing Seljord kommune