Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for del av Vekan. Frist for innspel er 1. april 2022.

Publisert
Kartutsnitt - Del av Vekan

Kartutsnitt - Del av Vekan

På vegner av Vidar Tveiten AS, Seljord eiendom AS og Dyrud eigedom AS varslar Sweco at det er starta opp arbeid med å utarbeide ein detaljreguleringsplan for del av Vekan.

Detaljreguleringsplanen skal leggje til rette for å nytte eksisterande næringsbygg og eventuelle nye bygg til bustadføremål, i tillegg til næringsføremåla som gjeld i dagens reguleringsplan. Intensjonen er ei harmonisering med føresegnene til kombinerte næringsteigar i reguleringsplan Seljord S6.

Det blir samstundes varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale.

Meir informasjon finn du under Planar og høyringar

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker