Ordførar Beate Marie Dahl Eide seier at karantenepåbodet i første omgang gjeld Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag.
Områda dette gjeld er dei i Noreg som har størst utbredd smitte og at det difor er naudsynt å iverksette karantene for reisande frå desse områda.
Det vert òg vurdert karantenepåbod når det gjeld øvrige delar av Vestfold og Telemark fylke.

Vedtaket vil gjelde med tilbakeverkande kraft frå 10. Mars. Karantenetida er sett til 14 dagar. Dette betyr at alle som var i desse fylka 10.mars eller seinare må vere i heimekarantene i 14 dagar, på same måte som alle som har vore i utlandet.
Karantenepåbodet gjeld alle som reiser inn til Seljord, også dei som pendlar til arbeid utanfor kommunen. 

Les heile pressemeldinga