For å redusere klimagassutslipp blir det forbode å fyre med fossil olje frå 2020. Har du ein oljefyr eller oljekamin og fyrar med fossil olje, må du altså finne alternativ oppvarming innan 2020.

Ulike løysingar og støtteordningar kan du lese meir om hos ENOVA, søknadsfrist er 31.12.19.

Forskrifta som ligg til grunn for at ein no fasar ut oppvarming med fossilt brennstoff t.d. oljefyranlegg:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-06-28-1060 Forskrift om forbud mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygninger