Det var ordførar Beate Marie Dahl Eide som delte ut prisane.

Ho viste til mellom anna dette frå forslagsstillaren ved utdeling av kulturprisen:  

"Tellef Solås har blitt foreslått basert på eit svært langvarig og bredt engasjement innanfor idretten i Seljord. Han har vore aktiv i Seljord Idrettslag i rundt 30 år, både i skigruppa, fotballgruppa, Dyrskugruppa og i hovudlaget. Han blir beskrive som grundig, målretta og svært systematisk. Han stiller opp, og tek på seg dei verv som trengs.
Arbeidet han har lagt ned i matsalet på Dyrsku’n i over 20 år vert spesielt trekt fram. Inntektene frå det her arbeidet har bidratt til å få på plass skianlegget på Raudkleiv, idrettsanlegget på Eventyrøy og ikkje minst det at Seljord idrettslag har eit utruleg flott lågterskeltilbod sidan det er omtrent gratis å delta med tanke på treningsgebyr o.l. Dugnadsarbeidet på Dyrsku’n er òg eit godt integreringsbidrag, der ein også får med foreldra til born og unge med innvandrarbakgrunn.
Kunstgrasbanen på Eventyrøy vert òg trekt fram som noko som ikkje hadde blitt realisert utan han. Prisvinnaren blir skildra som ein som ikkje stikk seg ikkje fram, men jobbar i herdig med det han brenn for. Det store arbeidet han har gjort har hatt store positive fylgjer for lokalsamfunnet".

Ved utdeling av ungdomens kulturstipend var dette noko av det som blei sagt:

"Ungdommens kulturstipendet gikk i år til Johannes Lønnestad Flaaten som er ein idrettsutøvar som har konkurrert på landslagsnivå i idretten sin, og han har fått fleire gode resultat spesielt den siste sesongen og har store ambisjonar for vegen vidare frå junior til senior.
Prisvinnaren bur i Seljord, men tilbringar mykje tid på Hovden skigymnas. I Nordisk juniorlandskamp i Falun representerte han Noreg. Han fekk 1 sølv i sprinten og eit gull som ankermann for Norge på stafetten. Han fekk også sin første pallplass i Norgescup sprint i Holmenkollen og blei nr 3. I Norgescupen samanlagt. Han vert skildra som ein god rollemodell og inspirasjon, og ein som tek ansvar utover seg sjølv".

Kulturprisnemnda stiller seg bak dei positive orda og omtalene som har kome frå forslagsstillarane.