Sjøormen og Sjøormtårnet

Gjennom kunsthistoria har mange målarar og andre kunstnarar funne motiv og inspirasjon i Seljord. Seljord kan hauste av ein av landet sine rikaste og mest levande folkemusikk- og folkekunsttradisjonar. Mykje av det som i dag blir rekna som nasjonal kulturarv, er henta frå kommunen, m.a. eventyr, soger og segn. 
Sjøormen har og inspirert i nyare tid.

Sjøormen er ein sentral del av Seljord si kulturhistorie. Ein finn skriftlege kjelder heilt attende til 1700-talet.

Mange "vettuge" og truverdige personar har sett "noko" i vatnet dei ikkje kan forklare. I 250 år, og truleg enda lenger, har folk hevda å ha sett eit stort og ormeliknande dyr i Seljordsvatnet. Den fyrste skriftlege omtala går tilbake til 1750. Då skulle Gunleik Andersson Verpe frå Bø ro eit flyttelass frå Ulvenes til Nes. Då han var midt ute på vatnet dukka det opp en sjøorm som gjekk til åtak på den eine av dei to pråmane hans og kvelvde han". 

Les heile beretninga til Petter Fjågesund her Pdf, 94 kB, åpnes i nytt vindu.

 

Sjøormtårnet er ein del av kunstprosjektet ” Into the Landscape ” og er eit multifunksjonelt kunstverk i våtmark. Prosjektet blei knytt til myten om Sjøormen og blei starta i 2008.

Sjøormtårnet er teikna av arkitektfirmaet Rintala Eggertsson, og har fått mykje internasjonal merksemd. Det er plassert i nærleiken av Bjørgesanden og Seljord camping, og har ein universelt utforma turveg som går heil fram til tårnet. Turvegen er delvis på grus og delvis på treverk. 

Tårnet vart opna i 2011 og ragar 17 meter over bakken. Sjøormtårnet har tre utkikksplattformar der ein kan speide utover Seljordvatnet og sjå etter spor av sjøormen. 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?