Om Seljord

Seljord kommune ligg midt imellom aust og vest; 17 mil frå Oslo, 28 mil frå Haugesund og 2,8 mil frå Bø. Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt med ekspressbussar som syter for god kommunikasjon med omverda, t. d. Oslo, Bergen, Grenland og Torp. Kommunen er 711 kvkm stor og har omlag 3000 innbyggjarar.

I 1987 lyste Seljord kommune ut ein konkurranse for å få eit eige kommunevåpen. Då fristen for konkurransen gjekk ut 1. mars, hadde det kome inn 92 framlegg. 
14 av desse blei sendt til Riksarkivet for vurdering. Om lag to år seinare, 27. april 1989, vedtok eit samrøystes kommunestyre framlegget til Trygve Magnus Barstad. 
I statsråd 15. september same år blei det fastsett følgjande: 
"Vedtak av Seljord kommunestyre 27. april 1989 om våpen og flagg for kommunen vert godkjent. Seljord kommunes våpen skal vera: På raud grunn ein gul sjøorm. Seljord kommunes flagg skal vera: På raud grunn ein gul sjøorm." 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?